Korona_og_EØS

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

Korona og EØS - støtte til kriseramma bedrifter

På LO-advokatenes Facebook-side har vi behandlet mange aktuelle rettslige spørsmål som oppstår ifb. med Koronaviruset, som permittering, trygd- og arbeidsrett, personvern mv. Koronaviruset reiser også EØS-spørsmål

LO-advokatene

Takk for at du deler innlegg og inviterer dine Facebookvenner til LO-advokatenes Facebookgruppe.

LO-advokat Herdis Helle har doktorgrad i EØS og statstøtte og skriver her om Korona, EØS og støtte til kriserammede bedrifter.

ESA med krisestab - regjeringa med krisepakkar

ESA melder på internettsidene sine at dei har sett krisestab for å kunne hurtighandsame søknader frå Norge og dei andre EFTA-statane om å gje støtte til bedrifter med likviditetsproblem som fylgje av Korona. Ytterlegare informasjon om kva retningsliner søknadane vil verte handsama etter, er opplyst å kome etter kvart.

Regjeringa førebur krisepakkar for å hjelpe dei delane av næringslivet som har hamna i økonomiske vanskar som fylgje av viruset og tiltaka som er sett i verk for å motverke ytterlegare spreiing av det. Krisepakkane omfattar tiltak som skatte- og avgiftslette, betalingsutsetjing, endring av permiteringsreglar, samt spesifikke tiltak retta mot flybransjen. Fleire støttetiltak er venta å kome etter kvart som regjeringa ser kvar risikoen for konkursar som fylgje av epidemien materialiserer seg.

Støtte som krev førehandsgodkjenning

Støttetiltak som regjeringa eller andre offentlege styresmakter gjer tilgjengeleg for alle bedrifter og sektorar, fell utanfor statsstøttereglane og treng ikkje godkjenning frå ESA. Det gjer derimot tiltak som er retta mot bestemte bedrifter eller sektorar i økonomiske vanskar. Slike tiltak er det ikkje lov å setje i verk utan førehandsgodkjenning frå ESA. Unntak gjeld om tiltaka kan setjast i verk under eit gruppeunntak eller under ei generell støtteordning som allereie er godkjend. Verknaden av at styresmaktene gjev støtte som ikkje er godkjent av ESA, kan verte at bedriftene må tilbakebetale støtta.

EU-kommisjonen opplyser i ei pressemelding at dei ikkje vil rekne økonomisk støtte som vert gitt til helsevesenet og andre offentlege tenester, for å takle Corona, som statsstøtte. Dei opplyser også at dei vil rekne epidemien som eit ekstraordinært omstende som gjev grunnlag for å gje offentleg støtte til bedrifter som vert skadelidande som fylgje av den. Vidare skriv dei at statar som Italia. som får alvorlege forstyrringar av økonomien sin, på grunn av epidemien, vil kunne få særskilt liberal handsaming.

Korona er ikkje tida for ei streng handheving

ESA vil venteleg gje like liberale retningsliner for handhevinga av støttereglane i EØS-avtalen. Dette er ikkje tida for ei streng handheving av støtteregelverket. For lite for seint, vil kunne gjere den økonomiske krisa er venta å oppstå i kjølvatnet av epidemien enno meir uoverkomeleg. No er det viktig at ESA har tillit til kunnskapen og oversynet dei nasjonale finansdepartementa sit med, og gjev dei tilstrekkeleg handlingsrom. I motsetnad til EU-kommisjonen, treng ESA heller ikkje ta omsyn til stabiliteten til Euroen, når dei vurderer støttetiltak nasjonale styresmakter ber om å få setje i verk.

Støtte frå fylke og kommune

Økonomisk hjelp til lokale bedrifter, gitt av fylke og kommunar, vil også kunne verte omfatta av statsstøtteregelverket. Dette er primært aktuelt for hjelp som ikkje vert gitt på ordinære marknadsvilkår, tiltak som er varige eller tiltak som er retta mot bedrifter som er eksponert for sterk konkurranse. Kommunar og fylke som er usikre på reglane bør kontakte ESA om dei blir bedt om å hjelpe næringslivet sitt. ESA har lova rask handsaming.