På besøk hos havbruksnæringa på Hitra og Frøya

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon
Terje Olsson på båt på havet
BESØK: LO-sekretær Terje Olsson besøkte havbruksnæringa på Hitra og Frøya forrige veke. Foto: LO/Anne-Beth Skrede

Besøkte havbruksnæringa på Hitra og Frøya

– Vi har fått mange innspel og synspunkt frå dei tillitsvalte og frå fleire havbruksbedrifter som vi tar med oss vidare, sa LO-sekretær Terje Olsson da han besøkte havbruksnæringa på Hitra og Frøya.

Onsdag 19. oktober til fredag 21. oktober forrige veke besøkte LO-sekretær Terje Olsson og LOs spesialrådgivar for marin sektor, Anne-Beth Skrede, havbruksnæringa på Hitra og Frøya.

– Veldig lærerikt og nyttig å besøke havbruksnæringa, seier LO-sekretær Terje Olsson. 

Med på besøket var også Kristine Svendsen frå LOs regionskontor i Trøndelag, Ståle Lund frå Fellesforbundet og Kjell Aune frå Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund.

Møtte tillitsvalte

Første dagen var det arbeidsplassbesøk og synfaring i produksjonen av laks hos Lerøy Midt og SalMar, og møter med leiingane saman med dei tillitsvalte. Ordførar Ole Haugen på Hitra deltok i møtet hos Lerøy.

Dagen etter var det besøk hos Kystteknikk, og eit godt møte med tillitsvalt der. Vidare gjekk turen til Blått kompetansesenter på Frøya, der ordførar Kristin Strømskag deltok.

Derfrå rakk ein innom avsluttinga på elevprosjektet "Blå innovasjonscamp", som er del av Havbruksveka på Hitra og Frøya. Veka er eit spanande tiltak for at skuleelevar frå 10.klasse skal få meir kjennskap og interesse for havbruksnæringa. Besøket i Trøndelag vart avrunda siste dagen med torskeoppdrett, og arbeidsplassbesøk ute på oppdrettsanlegget til Norcod.

Mange tillitsvalte og tilsette var opptatt av forslaget om innføring av grunnrenteskatt for havbruksnæringa.

– Noko som òg vart eit hovudtema i møta med næringslivet, sa Terje Olsson. 

Han forsikra om at LO skal ha ei grundig behandling av dette forslaget som no er på høyring, og kome fram til LOs syn i samråd med LOs forbund. Det er allereie kalla inn til interne møter om denne høyringa i slutten av november.