Torbjørn Vereide

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

Fagpolitisk kandidat: Torbjørn Vereide

"Vi har nokre store oppgåver framfor oss, og dei må vi løyse i fellesskap!"

Skal vi få til en politikk som gagner arbeiderklassen er vi avhengige av politikere som har et forhold til hva som skjer på gulvet, ute i det faktiske arbeidslivet. Vi trenger stortingskandidater som kjenner fagbevegelsen og det vi sloss for. Heldigvis har vi i dag flere partier som ønsker å sende gode fagpolitiske kandidater til Stortinget.

LO Vestland har gjennomført en serie med korte intervju av fagpolitiske kandidater i fylket. Denne gangen har vi snakket med Arbeiderpartiets 1. kandidat til stortinget fra Sogn og Fjordane, Torbjørn Vereide

1. Fortell litt om deg selv

Eg heiter Torbjørn Vereide, er 32 år og bur med både bikkje og forlovede i Førde. Eg har eit sterkt politisk engasjement, men tykkjer samtidig at det er viktig at vi alle tenkjer over korleis vi pratar med dei som er usamd med oss. Tidlegare har eg jobba i både forlag og på kjøkken. Og dei siste åra har eg fått jobbe i LO med oppgåve om å gi ungdom eit best mogleg møte med arbeidslivet. Med andre ord eit arbeidsliv som er organisert. Det tykkjer eg er veldig givande.

2. Fortell litt om din bakgrunn i fagbevegelsen, og hvilken betydning den har for deg

Eg er, og vil alltid vere eit stolt medlem av Handel og Kontor. Det å få vere ein del av eit lag som hjelper deg når du trenger det betyr mykje. Sidan eg blei folkevald for første gang for 10 år sidan som ein ung og utolmodig ungdom, har eg fått jobbe saman med både LO og forbunda i fagpolitiske saker. Det viktigaste for meg har kanskje likevel vore alle åra eg har fått vere med, læra av, og bidra til LO sitt ungdomsarbeid. Ikkje minst i samspel med Sommerpatruljen der vi har fått møte, hjelpe og verve unge arbeidstakarar. 

3. Fortell litt om hvilke saker du brenner for Eg er ein av veldig mange som har fått berga livet mitt av fellesskapet. Ikkje berre når det har regna kuler og krutt, eller livet har butta i mot i vaksen alder, men også i oppveksten der eg hadde folk som stilte opp for meg og hadde tru på meg når eg sleit med å finne den sjølv. Når det stillast spørsmål om kva vi skal stå for og kva kampar vi skal kjempe. Så er det dette som eg trur på.

Om det er tre saker som eg skulle peika ut:

  • Ei opprydding i arbeidslivet på innleige og i arbeidsmiljølova
  • Ein politikk og økonomi innan eldreomsorg som sikrar heile stillingar og god nok bemanning.
  • Utgjevning av sosiale forskjellar. Ikkje minst for dei som vekser opp i barnefattigdom.

Vi har nokre store oppgåver framfor oss, og dei må vi løyse i fellesskap!

 

Stortingsvalget 13.september blir et viktig valg for oss i arbeiderbevegelsen. Vi ønsker oss en ny rødgrønn regjering.