Svekking av drosjetilbodet

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

Drosjetilbodet i distrikta er rasert.

Høgreregjeringa og Fremskrittspartiet tvang gjennom ei deregulering drosjenæringa. Dette har ført til eit langt dårlegare drosjetilbod i distrikta. Dereguleringa skjedde til trass for gjentekne og kraftige åtvaringar frå næringa  LO, YS og NHO. No ser vi diverre at det vi advarte mot skjer. Drosjetilbodet i distrikta kollapsar på mange små stadar, samstundes ser vi at sosial dumping i næringa brer om seg i byane.

 

 

 

NRK melde for nokre dagar sidan om kritisk sjåførmangel i distrikta som følge av lovendringane. Det er nærmast umogleg å få tak i drosje i mange distrikt. Særleg er dette ille i kommunar med få innbyggarar. Dette gjeld ikkje berre i vårt fylke. Våre medlemmar fortel også om taxisvikt i store delar av landet. Samstundes er det over etablering i dei store byane. Dette er i ferd med å øydelegge arbeidsmarknaden for ei stor yrkesgruppe, fordi det ikkje er mogeleg å leve av løna til drosjesjåførane.

 

Dei borgarlege partia pressa gjennom dereguleringar av næringa trass kraftige protestar frå næringa. Ei liknande deregulering i Sverige førte til same problema for nokre år sidan. Erfaringane frå Sverige viser dessutan at tilbodet blir både dyrare og dårlegare for passasjerane. Sjølv i eit lite land som Danmark er det vanskeleg å få tak i drosje om ein ikkje bur i ein større by.

 

Drosjenæringa er ein del av infrastrukturen som distrikta er avhengig av.  

Mange stadar har drosjene fleire oppdrag, som til dømes sjuketransport mm. Utan eit kundegrunnlag fell også grunnlaget for å drifte andre tenester bort, som igjen fører til ein svekka beredskap. Regjeringa har svekka infrastrukturen gjennom dette frisleppet. Driveplikta er oppheva i heile Norge, og ingen har noko garanti for å få eit forsvarleg drosjetilbod.

 

Fylkeskommunane skal ha høve til å gi einerett på løyva. Dette kunne ha sikra eit forsvarleg tilbod i distrikta. Men høgreregjeringa har verken kome med eit bra nok regelverk eller tilstrekkeleg med midlar slik at fylkeskommunane kan sikre tilboda gjennom t. d. subsidiering.

 

Etter reforma har vi sett ei auke på 16% i tal løyver i Vestland. Dette er problematisk for ein bransje som jobbar på provisjon. Markedet har ikkje endra seg drastisk og tal turar går ikkje opp. Nokre turar blir tekne av el-sparkesyklar og andre mobilitetsløysingar. Når tal løyve stig betyr det færre turar på kvar enkelt, og meir ubetalt stillstand for drosjesjåførane. Om sjåførane treng dagpengar krev NAV at ubetalt ventetid blir teke med i berekningsgrunnlaget. Dette fører til ein uhaldbar situasjon for drosjesjåføren, som verken får betalt på jobb eller som arbeidsledig.

Små overnattingsstadar og reiselivsbedrifter i distrikta, er avhengige av at drosjenæringa fungerer. Folk i distrikta får ikkje lenger den transporttenesta dei har behov for i helgane. Ikkje går det buss og ikkje går det taxi. Dette avgrensar folk sitt sosiale liv. Det blir ikkje høve til å delta på arrangement eller gjere heilt naudsynte gjeremål. Det går også ut over tryggleikfølelsen. Vi vil ha ei drosjenæring med ordna forhold. Folk må kunne kjenne seg trygge, og sjåførane må kunne leve av inntekta frå drosjekøyringa.

For å få eit forsvarleg tilbod og ei levedyktig næring, set LO sin lit til at Arbeidarpartiet og dei andre raudgrøne partia får stort nok fleirtal ved valet til å rydde opp i taxipolitikken.

 

 

Roger Pilskog                        Nils P Støyva                                      Eirik Svensson

Regionleiar i LO Vestland     Regionnestleiar i LO Vestland            Vestnorsk Transportarbf.