NY START – møteserie om framtida for venstresida!

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

NY START – møteserie om framtida for venstresida!

Føremålet med møteserien er å setja søkelyset på ideologiske spørsmål og skiljelinjer. AHR ønskjer å undersøkja om dette kan leia fram til eit tydeleg felles ideologisk grunnlag for venstresida som kan mobilisera fleire veljarar i åra framover. I denne møteserien vil derfor publikum- altså veljarane- bli inviterte til å delta med spørsmål og kommentarar.

Arbeidernes Historielag i Rogaland (AHR) sitt føremål er å dokumentera og formidla historia til vanlege arbeidsfolk.
I dette arbeidet er dei «lange linjene» i historia eit viktig tema.
Kva var grunnlaget for mobilisering av veljarar til partia på venstresida i arbeidarrørsla «sine glansdagar»? Korleis og kvifor har det skjedd endringar i dette grunnlaget, og finnest det eit håp for ein ny start for venstresida etter at nyliberalismen har vore den dominerande ideologien i Norge og den vestlege verda dei siste 30-40-åra?

  

 

Tidspunkt: Tema: Innleiarar:
4. okt. kl. 19.00 Sosialisme etter nyliberalismens herjingar. Kjartan Fløgstad
17. okt. kl. 19.00

Korleis balansera mangfald og klassemobilisering. Historiske lærdommar

Samvirke-modellen – eit alternativ for venstresida.

Hallvard Tjelmeland 

 

Gunnar Roalkvam

13. nov. kl.19.30 Debatt: Finnest det ei framtid for venstresida

Ingrid Fiskaa, Mimir Kristjansson og Torstein Tvedt Solberg 

 

 

 

 Sted: Folkets Hus, Stavanger.

Medlemmer Arbeidernes historielag i Rogaland: Gratis   

Andre kr. 50,-