Er du sangglad og vil synge med likesinnede?

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon
©metamorworks - stock.adobe.com

Er du sangglad og vil synge med likesinnede?

Er du venstrevridd og songglad? Nystarta Sosialistisk/Raudt Kor i Tønsberg treng fleire medlemer!

Korsong har ei rik historie og er ein godt rotfesta tradisjon i arbeiderrørsla over heile landet. Kva er vel flottare på 1.  mai, mellom appellane, enn eit kor som kan framføra «Internasjonalen», «Vi bygger landet», «Frihetens forpost» og andre tradisjonelle songar frå venstreside-/arbeiderrørslerepertoaret?

Diverre er det færre slike kor no i desse dagar, men det har me no gjort noko med, i alle fall her i
Tønsbergdistriktet: I haust starta me opp med øvingar! Dette er eit kor som skal synga songar med meining og bodskap og kunna delta med framføringar og løfta stemninga i samband med arrangement som 8. mars, årsmøter, valvaker og andre markeringar.


Litt om meg: Mitt namn er Egil Heine Strand, er 54 år, og har budd mesteparten av livet i Rogaland. I 6 år har eg vore musikalsk leiar for SJOKK – sosialistisk kor i Sandnes. Eg har mangslungen musikalsk erfaring som amatørmusiker i mange og er aktiv i musikklivet på fritida. Når eg no har flytta til Barkåker vil eg gjerne fortsetja med dette arbeidet som eg har sett stor pris på. Eg meiner det er viktig å ta vare på den tradisjonelle songskatten frå arbeiderrørsla i tillegg til å synga anna repertoar som gjev uttrykk for meiningar og haldningar og kommenterer aktuelle saker
gjennom framføring av høvelege songar om fred, rettferd, miljø/klima og mellommenneskelege tilhøve.


Me held øvingar i Auditoriet på «WANG toppidrett», Grenaderv. 13, 3122 Tønsberg tysdagar kl. 19-21 – det er inn Bårds vei frå Eikveien v/Meny


Dette koret vil passa både for dei som har erfaring med kor og dei som berre er glad i å synga saman med andre. Me legg opp til eit nivå som vil vera høveleg ut frå kven som faktisk vert med og det er ikkje noko krav å kunna lesa noter. Eg har god erfaring med tilrettelegging av arrangement til nivået på songarane - og så utviklar me oss saman. Bur du i Tønsberg eller omliggande distrikt, har ei venstrevridd grunnhaldning og er glad i song og musikk er dette absolutt noko for deg!


Kontakt meg på epost didjeridust@gmail.com eller mobil 41552055 om du
ynskjer å vera med – Vyrdsamt Egil Heine Strand

Kontakt