LO Rogaland er stolt støttespiller av KÅKÅnomics - Nordens største økonomifestival.
Hjelmeland har det meste av det som me seier me vil ha meir av under det grøne skiftet: store mengder fornybar energi, sjømat, frukt og grønt, vakker fjordnatur, pluss bra med kraftpengar. Likevel slit kommunen med å halda oppe folketalet.
Kva er problemet, og kva må gjerast? Har Hjelmeland ein historisk sjanse til å snu utviklinga og bli ein vekstkommune?
Deltakarar:
Anita Riskedal, nyvald ordførar i Hjelmeland
Janne Johnsen, nytilsett kommunedirektør i Hjelmeland
Torsten Schläwicke, innflyttar og gründar
Nils Viga, Tytlandsvik Aqua AS
Møteleiar: Tom Hetland, tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad
fredag 20. oktober 2023
19:00 20:30
Spinneriet, Burmavegen11, Hjelmeland