Landsorganisasjonen i Norge

Bærekraftig utvikling
Foto: ILO / ITUC

Verdas berekraftsmål

I desse dagar vert verdsberekraftsmåla diskutert og rapportert på i FNs høgnivå-politiske forum for berekraftsmåla (HLPF – High Level Political Forum) med kring 2500 deltakarer.

Dette året er det særleg måla om reint vatn til alle, rein energi til alle, berekraftige byar og lokalsamfunn, berekraftig forbruk og produksjon, livet på land, samt målet om samarbeid og partnarskap som har fokus (Måla 6,7,11,12,15 og 17).

I 2015 vedtok verdas leiarar ein agenda for berekraftig utvikling fram mot 2030, med 17 berekraftsmål. Berekraftsmåla gjeld for alle land i verda og har eit høgt ambisjonsnivå, der ingen skal utelatast. Fagrørsla har vore aktivt med i prosessane for å få vedtatt måla, og har lukkast å få inn anstendig arbeid og likestilling som eigne mål. LO har valt å arbeide med verdsberekraftsmåla med særleg utgangspunkt i mål 5 om likestilling, mål 8 om anstendig arbeid og økonomisk vekst, og mål 13 om å stoppe klimaendringar.

Det er misnøye med at prosessane ikkje inneber forpliktande vedtak, eller gir rom og høve til reell deltaking frå sivilsamfunnsdeltakarar. I landas rapportering på korleis dei arbeider med berekraftsmåla er det mange fagre ord om kor godt og mykje dei arbeider med måla, men ingenting om kva dei ikkje gjer, eller kva dei ikkje prioriterer å gjere – og korfor.

Fagrørsla har status som eiga gruppe – Major Group – i FN systemet, og arbeider òg saman med andre grupper som menneskerettsgrupper, miljørørsle mm. LO deltar i arbeidet saman med internasjonal fagrørsle, ITUC, og LO er deltar òg på møtet i New York.

For å følgje korleis dei ulike landa gjennomfører sitt berekraftsarbeid, har fagrørsla utarbeidd eigne landrapportar som ser på om landa respekterer arbeidstakarrettar, gjennomfører sosial dialog og konsultasjonar og er opne og samarbeider om arbeidet sitt. Landrapporten om Norge er utarbeidd av LO, Unio og YS i fellesskap med ITUC, og viser at regjeringa har ein veg å gå før dei kan påstå at dette er på plass.

Les mer om miljøtoppmøtet på den internasjonale fagbevegelsens nettsider

Flere aktuelle saker

Se alle artikler