Vi treng ei stor bredde av redaktørstyrte medier

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

Vi treng ei stor bredde av redaktørstyrte medier

- Meir enn nokon gång treng vi ei stor bredde av redaktørstyrte medier som driv grundig og seriøs journalistikk. Fagblada må kunne få møte publikum der dei er, og der stadig meir av samfunnsdebatten skjer, nemleg på nettet.

Denne veka avga LO sitt høyringsfråsegn til Skattedirektoratets utkast til nye føresegner om meirverdiavgiftsfritak for elektroniske publikasjonar (tidsskrift og bøker). Høringsfråsegna er utarbeidd i samarbeid med LO Media.

-  LO er kritisk til dei foreslåtte reglane for meirverdifritak for elektroniske utgåver av tidsskrift. Definisjonen av vilkåra for fritak er så avgrensa at ein knapt kan snakke om ei reell utviding av momsfritaket, men at det her berre er snakk om fritak for ein rein statisk PDF av papirutgåvene.  

LO er også kritisk til ekskluderinga av elektroniske nyheitstenester.

- I ei tid som internasjonalt er prega av påstandar om «fake news» og undergraving av rolla til pressa generelt, meiner LO det er svært viktig å styrke mediemangfaldet også utover dei etablerte mediehusa.

- Overordna meiner LO det er viktig å utvide momsfritaket til å omfatte alle redaktørstyrte publikasjonar, også for dei redaksjonane som utviklar elektroniske nyheitstenester.

Høringsuttalelse_om_mediene.pdf

Kontakt