Edmund

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

Edmund valde LO og NTL fordi dei prioriterer jamn lønnsutvikling for alle

Arbeidsplassen din og tilhøva der, er ikkje eit berre eit personleg sak, det seier Edmund som er medlem i NTL. Han meiner korleis du har det på jobb har store samfunnsmessige ringverknadar.

– Fagrørsla i Noreg har ikkje berre sikra oss forsvarlege tilhøve på jobb, men gjennom det arbeidet har dei også sikra at Noreg er eit samfunn der folk møter kvardagen med hovudet heva. Dei bidrar til å gjere samfunnet vårt solidarisk og demokratisk. Verdien av dette ser vi særskild i vanskelige tider, seier han.

Ifølge Edmund er fagrørsla eit reiskap for den store fellesskapen, og ikkje berre små interessegrupper.

– Som organisasjonen til alle lønnstakarar, er fagrørsla mangfaldig, og har ei avgjerande rolle i å bygge solidaritet og respekt mellom alle grupper i samfunnet.

Fordelar med NTL

NTL og LO er sterke stemmer for at tilsette i staten skal ha den tilliten dei treng frå arbeidsgivaren sin for å yte best mogleg tenester til fellesskapen.

– For meg er noko av det viktigaste korleis NTL og LO aktivt jobbar med å sikre at du er med å bestemme i alle avgjerder som påverkar deg.

Til dømes arbeidet mot at midlertidige stillingar i staten stadig blir meir vanleg. Mange unge opplever at det er ei utfordring å få faste stillingar, og her er NTL og LO verkeleg på ballen, seier Edmund.

– Gjennom LO-medlemskapet mitt har eg heilt problemfri innboforsikring. Det høyrer med til jobben min å vere reiseglad, og ute på tur har eg med meg LO i sekken, i form av billig og dekkande reiseforsikring.

Verdien av tillitsvalde

Ifølge Edmund er det ikkje berre organisasjonane som sitt på mykje kunnskap og kapasitet til å hjelpe medlemane sine, men dei lokale tillitsvalde er ressurssterke og tar medlemane sine utfordringar på alvor.

– Jobbar du i ein stor organisasjon, slik eg gjer, er kunnskapen til dei tillitsvalde på jobben utruleg nyttig for å få betre innsikt i systemet du jobbar i og rustar deg til å møte endringar i framtida.

Ikkje vent for lenge

Edmund er ikkje i tvil om at det er LO som gir deg mest tilbake for medlemskapet ditt.

– Mitt fyrste råd er å ikkje vente alt for lenge. Du er tryggare, sterkare og betre rusta til å møte utfordringar i arbeidslivet når du har ei fagforeining i ryggen.

Han minner også om at fagforeiningar fungerer best for deg når dei er sterke, og dei er sterkast når det er mange som høyrer til. Tenk også på kva for ei fagforeining tar klarast stilling for eit rettferdig arbeidsliv, for rettferdig fordeling og for eit rettferdig samfunn.

– Personleg valde eg LO og NTL fordi dei ikkje berre tar stilling til at eg, og andre tilsette i staten, skal ha gode lønns- og arbeidsvilkår, men dei tar også stilling til kva slags samfunn vi ynskjer oss. LO og NTL gir meg tryggleiken det er å vere medlem i ein stor fellesskap og tryggleiken av å ha fantastisk ressurssterke tillitsvalde som held jamn kontakt med medlemane.

Møt flere av våre medlemmer.