Nettstedet støtter ikke Internet Explorer. Vennlig bruk en annen og mer moderne nettleser.
KONDOLANSEPROTOKOLL
Tilbake
Det var med stor sorg vi mottok bodskapen om LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen sin altfor brå og altfor tidlege bortgang. Hans-Christian vil bli huska som ein klok, ruvande, tydeleg og heiderleg leiar av LO. Gjennom mange år har han satt djupe spor etter seg i arbeidarrørsla, i fagrørsla og i norsk samfunnsliv. 

Hans-Christian var ein samfunnsbyggjar som trudde på og hegna om samarbeid, solidaritet og den norsk modellen. Han var med å vidareutvikla trepartssamarbeidet for å tryggje og utvikle eit arbeidsliv med plass til alle, ein sterk offentleg sektor,  eit robust næringsliv og ein framleis trygg og god velferdsstat. Han sto opp for arbeidstakarar, faglege rettar og eit anstendig og rettferdig arbeidsliv samstundes som han var konstruktiv og løysingsorientert i møte med sine motpartar. Ikkje minst hans kloke og konstruktive bidrag i det svært så krevjande arbeidet med å finne gode løysingar for norsk arbeids- og næringsliv i en stadig meir uføreseieleg og hissig pandemi, synte det.

Når han i tillegg som person var så raus, lun og venleg, er det lett å forstå at han blei møtt med stor tillit og respekt på tvers i norsk politikk og i norsk arbeids- og næringsliv.

Hans-Christian vil bli djupt sakna.

Vår djupaste medkjensle og våre varmaste tankar går til hans familie, hans næraste og til heile LO-familien.

Det var med stor sorg vi mottok bodskapen om LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen sin altfor brå og altfor tidlege bortgang. Hans-Christian vil bli huska som ein klok, ruvande, tydeleg og heiderleg leiar av LO. Gjennom mange år har han satt djupe spor etter seg i arbeidarrørsla, i fagrørsla og i norsk samfunnsliv. Hans-Christian var ein samfunnsbyggjar som trudde på og hegna om samarbeid, solidaritet og den norsk modellen. Han var med å vidareutvikla trepartssamarbeidet for å tryggje og utvikle eit arbeidsliv med plass til alle, ein sterk offentleg sektor, eit robust næringsliv og ein framleis trygg og god velferdsstat. Han sto opp for arbeidstakarar, faglege rettar og eit anstendig og rettferdig arbeidsliv samstundes som han var konstruktiv og løysingsorientert i møte med sine motpartar. Ikkje minst hans kloke og konstruktive bidrag i det svært så krevjande arbeidet med å finne gode løysingar for norsk arbeids- og næringsliv i en stadig meir uføreseieleg og hissig pandemi, synte det. Når han i tillegg som person var så raus, lun og venleg, er det lett å forstå at han blei møtt med stor tillit og respekt på tvers i norsk politikk og i norsk arbeids- og næringsliv. Hans-Christian vil bli djupt sakna. Vår djupaste medkjensle og våre varmaste tankar går til hans familie, hans næraste og til heile LO-familien.

Unio-leiar Ragnhild Lied

Denne nettsiden er publisert av LO Norge i forbindelse med LO-leder Hans-Christian Gabrielsens bortgang. Innholdet på nettsiden vil være tilgjengelig i ettertid, og forvaltes av LO. Innhold står for innsendernes ansvar. LO forbeholder seg retten til å avpublisere innlegg av hensyn til opphavsrett eller personvern. Klikk her for å kontakte oss vedrørende innhold på siden.