Det er den draumen me ber på
At noko vedunderleg skal skje, at det må skje-
At tidi skal opna seg
At hjarta skal opna seg
At dører skal opna seg
At berget skal opna seg
At kjeldor skal springa-
At draumen skal opna seg,
At me ei morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje viste um
(Olav H. Hauge)