Nettstedet støtter ikke Internet Explorer. Vennlig bruk en annen og mer moderne nettleser.
KONDOLANSEPROTOKOLL
Tilbake
Dette er eit bilde av Hans-Christian fra LO Medias 10-årsjubileum i januar 2019. For oss var det veldig viktig at Hans-Christian kunne delta denne dagen, og vi plasserte jubileet ut frå hans kalender. Men så blei det ei mistyding, slik at årets kanskje viktigaste møte for LO-leiinga – inntektspolitisk utval – delvis 
kolliderte med LO Medias jubileum. Hans-Christian og dei andre i utvalet skulle eigentlig reise same ettermiddag som jubileet. 

Hans-Christian skjønte kor viktig dette var for oss, og han fekk endra opplegget for inntektspolitisk utval, slik at det som skjedde i Brussel første kveld kunne gå utan hans deltaking. Han fekk også Jørn, Mimmi og flere andre med på å prioritere LO Media framfor første del av inntektspolitisk utval. 

Han kom til arrangementet, direkte frå intervju i NRK, og deltok under heile markeringa. Han heldt ei flott tale til jubilanten, og deltok også under middagen, inkludert at han delte ut blomster og godord til Katrine, Bente, Lars og Svein-Yngve. 
Når klokka nærma seg 21, kom han til meg og takka for ein fin dag, og sa at han dessverre måtte trekke seg tilbake i retning Gardermoen, sidan flyet til Brussel skulle gå 06.00 neste morgon. 
 
Dette var ei lita sak i den store sammenheng, men veldig viktig for LO Media. Og slik var Hans-Christian heile tida. Han gjorde alt han kunne for å stille opp overalt. Resultatet blei at han var usedvanleg godt likt, men sjølvsagt også at han hadde ein ekstremt travel og tettpakka kvardag. 

Han har fått utruleg mange gode ord etter det ufattelege dødsfallet, og eg trur alt kjem frå folks hjerter. Hans-Christian var rett og slett en fyr det var nesten umuleg ikkje å like.

Dette er eit bilde av Hans-Christian fra LO Medias 10-årsjubileum i januar 2019. For oss var det veldig viktig at Hans-Christian kunne delta denne dagen, og vi plasserte jubileet ut frå hans kalender. Men så blei det ei mistyding, slik at årets kanskje viktigaste møte for LO-leiinga – inntektspolitisk utval – delvis kolliderte med LO Medias jubileum. Hans-Christian og dei andre i utvalet skulle eigentlig reise same ettermiddag som jubileet. Hans-Christian skjønte kor viktig dette var for oss, og han fekk endra opplegget for inntektspolitisk utval, slik at det som skjedde i Brussel første kveld kunne gå utan hans deltaking. Han fekk også Jørn, Mimmi og flere andre med på å prioritere LO Media framfor første del av inntektspolitisk utval. Han kom til arrangementet, direkte frå intervju i NRK, og deltok under heile markeringa. Han heldt ei flott tale til jubilanten, og deltok også under middagen, inkludert at han delte ut blomster og godord til Katrine, Bente, Lars og Svein-Yngve. Når klokka nærma seg 21, kom han til meg og takka for ein fin dag, og sa at han dessverre måtte trekke seg tilbake i retning Gardermoen, sidan flyet til Brussel skulle gå 06.00 neste morgon. Dette var ei lita sak i den store sammenheng, men veldig viktig for LO Media. Og slik var Hans-Christian heile tida. Han gjorde alt han kunne for å stille opp overalt. Resultatet blei at han var usedvanleg godt likt, men sjølvsagt også at han hadde ein ekstremt travel og tettpakka kvardag. Han har fått utruleg mange gode ord etter det ufattelege dødsfallet, og eg trur alt kjem frå folks hjerter. Hans-Christian var rett og slett en fyr det var nesten umuleg ikkje å like.

Tore Ryssdalsnes, LO Media

Denne nettsiden er publisert av LO Norge i forbindelse med LO-leder Hans-Christian Gabrielsens bortgang. Innholdet på nettsiden vil være tilgjengelig i ettertid, og forvaltes av LO. Innhold står for innsendernes ansvar. LO forbeholder seg retten til å avpublisere innlegg av hensyn til opphavsrett eller personvern. Klikk her for å kontakte oss vedrørende innhold på siden.