Vestland møtte på tinget

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

Vestland møtte på tinget

I går møtte leiarane for Vestland fylke, NHO Vestlandet, LO Vestland og NAV representantane på stortingsbenkane frå fylket. Dei drøfta korleis koronakrisa og fallet i oljepris har råka næringslivet og samfunnet, og kva som kan gjerast.

PÅ STORTINGET: Situasjonen i Vestland fylke vart drøfta på Stortinget i går. (foto: Shutterstock)

Av Kommunikasjon Publisert 06.05.2020 Endra 06.05.2020

– Vestland er både eksportfylke nummer ein, og verdiskapingsfylke nummer ein. Det gjer at vi i denne doble krisa er unikt råka. Samstundes betyr det at musklane som landet treng for å kome på offensiven att ligg i Vestland. Dette er det viktig at stortingspolitikarane har med seg i arbeidet sitt framover, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Som i så mange andre tilfelle denne våren, var ramma før møtet digital. Stortingsbenkane for Hordaland og Sogn og Fjordane kom rett frå debatten i stortingssalen, og fekk høyre siste nytt om stoda i Vestland.

Solide oppdateringar

– Dette var eit bra møte. Dei ordinære benkemøta våre er stoppa opp grunna koronaen, så dette var ein super måte å få til eit møte. Det er viktig at vi her borte i Oslo har god kontakt med heimfylket, og her trefte vi alle dei viktigaste aktørane slik krisa sine konsekvensar har utspelt seg. Det var solide oppdateringar frå NAV, NHO, LO og fylke, seier Ove Trellevik (H).

Trellevik ser føre seg at Vestland har gode føresetnader for å kome styrka ut av krisa:
– Vestlendingen har alltid hatt trua. Det er skaparkraft og vilje til å få ting til. Det hjelper godt. Ei grunnleggjande haldning i oss er at «dette skal me få til», samtidig som det er lov å prøve og feile. Det er ein føresetnad for å lykkast. Den har me i vest.

Trepartssamarbeid

Sidan krisa råka i mars, har fylkesordførar Jon Askeland, leiar for NHO Vestlandet, Grete Karin Berg, regionleiar Roger Pilskog i LO Vestland og direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes møttest hyppig i den såkalla trepartsgruppa.

– Vi representerer alle organisasjonar som til saman sit med eit heilt unikt oversyn over det som skjer i regionen vår under denne krisa. Det å kunne følgje utviklinga frå dag til dag, gjev oss også det beste utgangspunktet for å finne dei tiltaka som kan ha best effekt for å dempe dei negative effektane, seier Jon Askeland.

Han får støtte i dette frå regiondirektør Grete Karin Berg i NHO Vestlandet:

– NHO Vestlandet er oppteken av at me i Vestland skal stå saman i denne situasjonen. Berre slik kan me få solid gjennomslagskraft i krisa. Næringslivet er utolmodig etter å kome i gang med prosjekt som kan setjast i gong. Me har saman med våre gode samarbeidspartnarar laga konkrete lister over prosjekter som kan utvikla Vestland for framtida.

Roger Pilskog i LO Vestland er også nøgd med møtet. Eg trur vi fekk fram at det ikkje er eit eintydig bilete i arbeidsmarknaden, men det er naudsynt med fleire krisepakker, for mykje ligg framføre oss.  Både bygg- og anlegg sektoren, og delar av leverandørindustrien vil allereie  frå sommaren mangle oppdrag. Difor må arbeidet med pakkar starte no.

 

Best mogleg effekt

I møtet fekk aktørane i trepartsgruppa legge fram ein detaljert status for dei folkevalde frå regionen, og dei fekk gehør.

– Det var godt utbyte av møtet for alle partar, og det var ynskje om å gjere dette igjen. Det at stortingspolitikarane har med seg eit oppdatert bilete av situasjonen, legg til rette for at statsbudsjettet og komande tiltakspakkar vil kunne tilpassast for å gje best mogleg effekt, seier fylkesordførar Jon Askeland.