Tillitsvalgtkonferanse

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

Tillitsvaldåret - kurs

LO Kongressen har vedteke at 2019 skal vere dei tillitsvalde sitt år. Som ei oppfølging av dette arrangerer LO Sogn og Fjordane kurs. Målgruppa er tillitsvalde på klubb /arbeidsplass nivå i privat og offentleg sektor

LO Kongressen har vedteke at 2019 skal vere dei tillitsvalde sitt år. Som ei oppfølging av dette arrangerer LO Sogn og Fjordane kurs.  Målgruppa er tillitsvalde på klubb /arbeidsplass nivå i privat og offentleg sektor. Nye tillitsvalde har prioritet.  Samlinga passer for deg som ynskjer fagleg påfyll. Det er også eit mål å gje deg som tillitsvald råd og motivasjon for å gjere ein best mogeleg jobb på din arbeidsplass.

 

På samlinga får du møte:

LO sekretær Terje Olsson.

LO advokat Stig Åkenes Johnsen.

Forbundssekretær i NNN, Ingunn Ekremsæter.

Opplæringsansvarleg i Fagforbundet Sogn og Fjordane, Bjørn Hatlelid.

Distriktssekretær Nils P Støyva         

 

 

Praktisk informasjon

Forbunda har i sekretariatet til LO vedteke at LO dekker kostnader med konferansen og overnatting. Forbunda dekker eventuelt tapt arbeidsforteneste, reise og diett.

Har Du spørsmål om kurset ta kontakt med distriktssekretær Nils P Støyva tlf. 911 03 124. Påmelding til siv.jorunn.hjellbrekke@lo.no innan 29.11. Gje melding om har allergiar og om du skal ha overnatting.

Heile invitasjonen og program finn du: HER