Permisjonsrettane for tillitsvalde må styrkast!

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

Permisjonsrettane for tillitsvalde må styrkast!

Dei siste åra har vi stadig oftare sett at tillitsvalde i Sogn og Fjordane vert nekta permisjon med løn for å delta på opplæring i regi av fagforeiningane sine. Problemet gjeld alle organisasjonane, og er størst på KS-området. Våre kollegaer i andre fylke melder om det same.

Den norske modellen er tufta på partssamarbeid på alle nivå i arbeidslivet. Eit godt partssamarbeid er avgjerande for at IA-avtalen skal fungere etter intensjonane, og Hovedavtalen gir også partssamarbeidet ansvar for utvikling av gode tenester i kommunane. Den tillitsvalde skal vere ein samarbeidspart for leiinga på arbeidsplassen, i tillegg til å ta i vare interessene til medlemmene sine. Dette krev tillitsvalde som er trygge i rolla si, og god opplæring er ein føresetnad for dette. Å nekte tillitsvalde løn under permisjon for tillitsvaldopplæring, gjer det vanskelegare og mindre attraktivt å vere tillitsvald, og fagrørsla vert såleis svekka. Dette skjer i ei tid der dei sosiale skilnadene i samfunnet vårt aukar, og det er så å seie tverrpolitisk bekymring for at organisasjonsgraden i landet går nedover.

 

Bakgrunnen for problemet ligg i Hovedavtalen del B, § 3-6, der det står om permisjon til tillitsvaldopplæring: «Ved slik opplæring gis det permisjon med hel eller delvis lønn.» I tillegg kjem KS sitt B-rundskriv 1-2018, som gir tillitsvalde rett til permisjon med full løn for opplæring i Hovedavtalen, Hovedtariffavtalen og ev. tilknytte særavtaler.

Desse ordlydane har avtalen og rundskrivet hatt lenge, men kommunane sin praksis har endra seg dei seinare åra. Vi oppfattar dette som uttrykk for ei generell haldningsendring hos arbeidsgjevarsida, der ein legg mindre vekt på partssamarbeidet på arbeidsplassen enn tidlegare. Praksisendringa kan også tolkast som eit forsøk på å svekke tillitsvaldapparatet. Dette vil igjen gå utover det viktige samarbeidet i kommunane, og dei tillitsvalde vil få svekka moglegheit til å ivareta rettar, lønns- og arbeidsvilkår for medlemmene.

 

Etter avtaleverket har tillitsvalde rett til opplæring som har betydning for funksjonen deira som tillitsvald. Som vi nemner ovanfor har dagens tillitsvalde ansvar og oppgåver som strekker seg vidare enn forvaltning av tariffavtaler. Dei har difor behov for ei opplæring som femner om både lovverk, profesjons- og organisasjonsfaglege emne i tillegg til dei ulike tariffavtalene. Eit einsidig fokus på tariffavtalene fører til ei innsnevring av rolla til den tillitsvalde, noko som er i strid med føremålet til hovudavtalene for alle tariffområde.

 

Arbeidsretten seier i ei sak mellom Fagforbundet og PBL at tillitsvaldopplæringa må spegle det breie spekteret av oppgåver som den tillitsvalde har, og at organisasjonane må ha stor fridom til å velje både innhaldet i og organiseringa av denne. I den aktuelle dommen vert det også sagt at det er  totalinnhaldet i kurset som ligg til grunn for vurdering av permisjonsrett, og ikkje einskildemne. Vi opplever at mange arbeidsgjevarar syner motstand mot både avtaleverket og denne dommen, som vi meiner sikrar dei tillitsvalde permisjon med løn for å kunne utøve rolla si på ein best mogleg måte.  

 

Alle tillitsvalde treng god og brei opplæring, uansett kva tariffområde dei høyrer til. Dette må sikrast i avtaleverket, og som ein stor og viktig del av den norske arbeidsgjevarsida er det naturleg at kommunal sektor går i front. Organisasjonane i Sogn og Fjordane meiner at  permisjonsrettane for tillitsvalde må styrkast i dei kommande tarifforhandlingane!

 

Nils P. Støyva, Distriktssekretær LO Sogn og Fjordane

Ralf E. Johannesen, Fagforbundet Sogn og Fjordane

Steinar Strømsli, Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane

Oddgeir Lunde, Norsk Sykepleierforbund Sogn og Fjordane

Marit Solheim, hovudtillitsvald i Delta