Opplæringstilbodet skuleåret 2021/22

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

Opplæringstilbodet skuleåret 2021/22

Yrkesopplæringsnemnda er nøgd med at årets klassesak gir ei tydeleg retning, og samsvarar med Regional plan for kompetanse og arbeidskraft, som gjeld for Vestland. Der står det mellom anna at «Arbeidslivet skal ha tilgang til tilstrekkeleg og relevant arbeidskraft for å kunne oppretthalde drifta og ekspandere etter behov - Arbeidslivet sitt behov for fagarbeidarar skal vere styrande for dimensjoneringa av fag- og yrkesopplæringa».

Sak om opplæringstilbod skuleåret 2021/22

Forslag til vedtak i Yrkesopplæringsnemnda

 

Yrkesopplæringsnemnda er nøgd med at årets klassesak gir ei tydeleg retning, og samsvarar med Regional plan for kompetanse og arbeidskraft, som gjeld for Vestland. Der står det mellom anna at «Arbeidslivet skal ha tilgang til tilstrekkeleg og relevant arbeidskraft for å kunne oppretthalde drifta og ekspandere etter behov – Arbeidslivet sitt behov for fagarbeidarar skal vere styrande for dimensjoneringa av fag- og yrkesopplæringa». I dette legg nemnda at fylket heller ikkje skal oppretta tilbod i skulen som vi veit det ikkje er læreplassar til. Motsett meiner nemnda at dersom det er dokumentert at det er tilgang på læreplassar, må det opprettast tilbod slik at ungdom kan søke.

Det gjenstår enno ein del på at dimensjonering samstemmer med tilgang på læreplass og behovet for faglært arbeidskraft i arbeidslivet, men nemnda ser at det er gjort eit betydeleg arbeid til det betre.

Nemnda viser til tidlegare vedtak om behov for å ha eit samla oversyn på elevtal på dei enkelte linjene og fag, sett opp i mot talet på tilgjengelege læreplassar. Nemnda ønsker at det utarbeidast ein tabell som syner tal elevplassar, formidlingstal frå førre skuleår og gjerne fleire år tilbake, samt kor mange læreplassar som er tilgjengeleg på dei einskilde faga. Ei slik oversikt vil vere naudsynt for å ha betre samanlikningsgrunnlag og få enno betre kvalitet i klassesaka. Nemnda ber om eit slik arbeid vert igangsett og prioritert høgt.

Nemnda viser til at det i dei seinare åra har vore gjort mykje godt utviklingsarbeid mange stadar for å styrke samarbeid mellom skule og arbeidsliv. Dette har betra kvaliteten, og har gitt arbeidslivet lærlingar som dei etterspør. Det er difor viktig at ein i vurdering av kva skular dei einskilde faga skal plasserast ved, tek omsyn til dette momentet.

Nemnda registrerer at klassetalet no aukast frå 12 til 15 elevar i tidlegare Sogn og Fjordane, samstundes som fyllingsgrad skal vere 85%. Dette kan og svekke moglegheita til å etablera etterspurde tilbod på både VG1 og VG2, og nemnda ber om at det vert brukt skjønn, slik at arbeidslivets behov for lærlingar og faglært arbeidskraft blir ivareteke. I tillegg er det viktig at VG1 er stor nok til å fylle opp VG2 tilboda.

Nemnda meiner difor at det framover må vurderast grundig om det kan etablerast fleire kombinerte klassar der det er mogleg. For å lukkast med å gi fleire ungdomar læreplass, vil det og vere viktig å leggje meir til rette for 1+3 opplæring i s like område. Nokre lærebedrifter har meldt at 1+3 kan vere krevjande både for lærling og lærebedrift, fordi fellesfaga blir undervist i skulen, og lange reiser til og frå medføre tap av arbeids- og læretid.  Difor må 1+3 og utviklast med eit digitalt tilbod, slik at lærlingar kan delta i fellesundervisninga frå arbeidsplassen.

Nemnda meiner at det har vore rett å redusera i tal påbyggklassar frå VG2 yrkesfag til VG3 studieførebuande. Alle som tek eit fagbrev har tilbod om å byggje på med studiekompetanse, og nemnda meiner det ytterlegare bør reduserast i talet på påbyggsklassane. Nemnda meiner elles at ei midlertidig auke kan vurderast dersom uføreseielege situasjonar i enkelte år gjer det ekstra krevjande med læreplassformidling.

Vestland har eit godt tilbod i YSK i samarbeid med arbeidslivet. Det er nemnda godt nøgd med, og er positiv til nye etableringar, men med den klare føresetnad at det er etablert avtale mellom skule og lærebedrifter på førehand. For skular som har tilbod på YSK, er det viktig at fagstrukturen som tilbodet er tufta på blir ivareteke. Vi finn det særs uheldig om ein skule som har tilbod i YSK, ikkje tilbyr linene som YSK- tilbodet byggjer på. Til dømes har Knarvik vgs eit YSK- tilbod på byggfag. Dei viktigaste lærebedriftene som skulen har avtale med, tek i mot YSK- elevar og seinare lærlingar i betongfaget. Då er det naudsynt at skulen faktisk har ei klasse i mur/betong.

Nemnda meiner at god kvalitet på voksenopplæring er viktig, og ber om at administrasjonen følgjer opp korleis vi kan vidareutvikle tilboda innan voksenopplæringa i Vestland. Opplæring som skal gi yrkeskompetanse må skje i samråd med dei verksemdene som har behova.

Nærmare om enkelte programfagtilbod  og behovet i arbeidslivet

I bygg og anleggsfaga er det generelt god tilgang til læreplass, i  nokre fag meir enn andre. Dette er ei næring som er til stades i alle fylkets kommunar, og det er difor viktig at tilbodet har geografisk spreiing. På Stryn vgs er det satt av tre plassar til betong/mur. EBA/Byggopp har garantert læreplass for 6 lærlingar her, og skulen bør difor forsøke å innrette seg fleksibelt så dei kan gje tilbod til 6 elevar, om det er så mange som søkjer. På Åsane vgs er røyrleggjarfaget redusert frå to til ei klasse. Rørleggerentreprenørenes opplæringkontor Vest tek aleine inn om lag 60 lærlingar årleg i Bergen, og då bør der vera minst to klassar.

Verksemdene innan Teknologi og industrifaga, melder om eit stort og veksande behov for lærlingar i tida framover. Det er likevel geografiske forskjellar med ulik tilgang på læreplassar som saka må ta høgd for. Til dømes skal Havyard Leirvik redusera drifta i stort mon, og då må det vurderast grundig kva tilbod den nærmaste skulen skal ha på TIP.

Helse og oppvekstfaga tykkjest å vere passande dimensjonert opp i mot tilgjengelege læreplassar. Nemnda syner til at på HO faga er det ein altfor stor del av elevane som vel å gå frå VG2 yrkesfag til VG3 studieforberedande, og  ein altfor stor del av desse ikkje greier å gjennomføre. Dei har då korkje studiekompetanse eller fagbrev. Det bør difor arbeidast meir for å motivere fleire til å fullføre med fagbrev, så kan dei eventuelt velje å ta studiekompetanse etter fullført fagbrev.


Innan Sal, Service og Reiseliv har ein dei siste åra i varierenda grad lukkast med å skaffe læreplassar. Næringa står no og framover i ein svært krevjande situasjon. Sjølv om nokon også gjer det bra, må det takast høgde for både nedskalering av drift og fleire konkursar i 2021. Tilbodet her må difor vurderast grundig opp i mot tilgjengelege læreplassar og kva tryggleiken er å kunne behalde dei.