Vårens regionkonferanse er over, og vi vil få takke alle dei engasjerte tillitsvalgte som gjorde denne til ein kjempeflott konferanse.
Konferansen no i vår var lagt til Bergen, medan haustens konferanse vert i Førde, på Rica Sunnfjord Hotel.
Regionrådet vil kome attende til kva som skal være tema på på hausten sin konferanse. Dersom du har tankar om kva som bør være med i programmet, kan du kontakte regionrådsrepresentanten i ditt forbund, eller du kan kontakte LOs lokalorganisasjon der du bur.
Det som er heilt sikkert, er at konferansen skal handsame lokalorganisasjonane sine forslag til LO Kongressen i 2021, og lokalorganisasjonane må ha sendt inn sine forslag til regionkontoret innan 1. august 2020.
Vi håpar på minst like mange engasjerte tillitsvalde til hausten som var med no i vår.
Datoane for konferansen til hausten er: 13. og 14. oktober 2020.