Lokalorganisasjonskonferanse for Hordaland og Sogn og Fjordane

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

Lokalorganisasjonskonferanse for Hordaland og Sogn og Fjordane

20. og 21. juni 2019 er det planlagt ein felles lokalorganisasjonskonferanse for alle lokalorganisasjonane i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Felles lokalorganisasjonskonferanse for Hordaland og Sogn og Fjordane

Frå 01.01.2020 vil Vestland fylke være eit faktum. LOs distriktskontor i Hordaland og Sogn og Fjordane arbeider i samband dette med å bli eit kontor, og LO vil være på plass med LO regionkontor Vestland innan den tid.

Det vil og kome organisatoriske endringar som fylgje av
dette, og vi kallar difor inn lokalorganisasjonane i begge noværande fylke til ein felles informasjonskonferanse 20. og 21. juni.

Ei organisatorisk endring som allereie er avklart, er at det blir etablert eit regionråd for LO Vestland. Rådet for LO Vestland vil være i funksjon frå 2. halvår 2019.

Difor vil det på denne informasjonskonferansen verte lagt til rette for at lokalorganisasjonane kan velje inntil 3 representantar til Regionrådet.

Vi vil kalle inn leiar og to styremedlemar, og tek for gitt at dette vil være arbeidstutvalet (der ein har dette). Det forutset imidlertid at dei to representantane som er valde for å møte på Regionkonferansen er blant desse deltakarane, sidan det er dei som har stemmerett i høve
valet om representasjon i regionrådet.

I samråd mellom distriktskontora, har vi funnet det formålsteneleg å halde konferansen i Bergen.

Vi vil kome attende med innkalling, program, og nærare informasjon om tid og stad.

Det som er viktig, er at de allereie no set av dagane 20. og 21. juni