LO og Arbeidarpartiet vil styrke fag- og yrkesopplæringa.

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

LO og Arbeidarpartiet vil styrke fag- og yrkesopplæringa.

Det norske samfunnet treng fleire fagarbeidarar. Både innan for offentleg tenesteproduksjon og i det private næringslivet, er fagarbeidaren sentral for tenesteytinga og verdiskapinga i samfunnet.

LO og Arbeidarpartiet ynskjer ei godt og veltilpassa tilbod for fag- og yrkesopplæringa i landet så vel som i Vestland fylkeskommune.

Søknaden til fag- og yrkesopplæring er aukande. I Sogn og Fjordane var det heile 56.5%  av søkjarane som valde yrkesfag for skuleåret 2019/2020. Dette er svært gledeleg, og syner at arbeid for å framheve den yrkesretta utdanninga gjev resultat.

For å sikre offentleg og privat næringsliv framtidig arbeidskraft, er dimensjoneringa av utdanningstilboda viktig. Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane har ved fleire høve påpeika viktigheita av at tal elevar på dei ulike linene må vere tilpassa behovet for arbeidskraft.

For elevane er det viktig at det er læreplassar tilgjengelege etter to år i skule. Utan tilgang på læreplassar får ikkje eleven fullføre utdanninga og teke fagbrev. Arbeidarpartiet og LO vil samarbeide med verksemder i privat og offentleg sektor, for å sikre at alle får læreplass. KS sitt mål om to lærlingar pr 1000 innbyggjarar er eit viktig mål for å kunne rekruttere nok arbeidskraft til offentleg sektor.

Det er og viktig å vektleggje at fag- og yrkesopplæringa på vidaregåande nivå er ein god inngang for å ta høgare utdanning. Etter fullført fagbrev og evt. praksis ligg vegen open for fagskuleutdanning og høgare utdanning gjennom Y- vegen. Næringslivet set stor pris på og etterspør arbeidskraft med høgare utdanning, som har erfaring og fagleg utdanning på vidaregåande nivå.

Nært samarbeid mellom skule og næringsliv er ein annan avgjerande faktor for å få utdanna fleire fagarbeidarar. Eit vidaregåande opplæringstilbod i samspel med lokalt og regionalt næringsliv er viktig for å få tilgang på arbeidskraft som er skreddarsydd lokale og regionale behov. Den lokale kunnskapen er avgjerande viktig på dette feltet.

LO og Arbeidarpartiet står saman for ei sterk fag- og yrkesopplæring, som er tilpassa behovet for arbeidskraft i offentleg og privat sektor.

 

Nils P. Støyva

Distriktssekretær LO og nestleiar i Fagopplæringsnemnda Sogn og Fjordane

Henrik Oppen

Listekandidat Vestland Arbeidarparti og medlem Fagopplæringsnemnda Sogn og Fjordane