Kvinnekampen er framleis viktig

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

Kvinnekampen er framleis viktig

Det er få område som grip så direkte inn i kvinnene sine liv som politikken for bioteknologi og retten til sjølvbestemt abort. Difor er det svært provoserande at den borgarlege fleirtals regjeringa dominert av Høgre og Frp har avgrensa kvinner sine rettar og frose bioteknologilova.

Konsekvensen av dette er nei til medisinske framsteg som eggdonasjon og assistert befruktning til einslege. Dette er dårleg nytt for alle som planlegg å få born. Det blir sagt at dette er ei innskrenking til neste val. Men kan kvinner som er i ein utsett posisjon slå seg til ro med dette? Nei, dette er viktig kampsak på kvinnedagen.

LO sitt familie- og likestillingsutval i Sogn og Fjordane har kartlagt fylkeskommunen og kommunane i fylket sin omtale av likestilling i dei kommunale årsmeldingane. Kommunane Fjaler, Hornindal, Hyllestad, Jølster, Lærdal, Naustdal og Solund manglar omtale av likestilling i sine årsmeldingar. Likestillings- og diskrimineringslova § 26a. er svært tydeleg i kravet om at likestilling skal omtalast i årsmeldingane. Det er viktig at kommunane set likestilling på dagsorden og føl opp lovkrava. Gjennom årsmeldingane kan kommunane lettare få sett likestilling på dagorden, og få til ein målmedviten politikk og debatt på området.

Kvinner i deltidsstillingar er eit anna samfunnsområde der kampfanene må heisast. Vi må aktivt byggje ein kultur for heiltid og heile stillingar. Dette er særskilt viktig i dei områda av arbeids- og næringslivet der deltid framleis er ut bredt. Trass årevis med kamp har mange av kommunane i vårt fylke framleis "svin på skogen". Vi må få rydda bort kortvaktene som er vanleg i omsorgstenestene og på andre kvinnedominerte arbeidsplassar. Denne typen vakter finn vi svært lite av i mannsdominerte yrker.

Lista over aktuelle saker kan gjerast mykje lenger, og viser at det framleis er behov for kvinnedagen. Kampen for kvinner sine rettar og eit likestilt samfunn må halde fram. Arbeid med haldningar i samfunnet er svært viktig for å få til meir likestilling. Dette arbeidet må starte i barnehagen og halde fram gjennom heile utdanningsløpet. Vi må bruke politikken til å fremme likestillinga også på heimebane. Dette kan gjerast ved at far tek ein større del av fødselspermisjon. For LO er likestilling ei kampsak og har alltid ein brei plass i lønnsoppgjer og andre politiske prioriteringar. Vi oppmodar alle til å stå på for arbeidet med likestilling i samfunnet og markere kvinnedagen den 08.03 på verdig måte.

Anne Kristin Førde                                                        Nils Petter Støyva 
Leiar i LO sitt familie og likestillingsutval                  Distriktssekretær i LO