Bruk Stemmeretten

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

Bruk stemmeretten din.

Måndag 9. september må Du bruke stemmeretten din. Denne dagen blir Du høyrt og vil kunne vere med på å skape forandringar. Kvinnene er i dag lågt representerte i dei folkevalde organa. Vi må difor bli flinkare til å «heie fram» eller krysse av kvinner, ungdom, pensjonistar eller personar med minoritetsbakgrunn. På denne måten får vi folkevalde organ som betre gjenspeglar lokalsamfunna våre.

Sist oppdatert:

Noreg er eit av dei likestilte land i verda. Likevel er det enno store og systematiske forskjellar mellom kjønna som vi må kjempe for å rette opp. I Noreg tente kvinner i 2016 i  gjennomsnitt 13,9% mindre enn menn. LO sitt mål i arbeidet med likestilling er at kvinner og menn skal ha like rettar og moglegheiter til utdanning, arbeid, inntekt, påverknad og velferd. Heile stillingar og ei sjølvstendig inntekt til å leve av er avgjerande for reell likestilling.

 

I desse dagar er valkampen godt i gang. Frå 10. august kan du førehandsstemme. Kandidatane på vallistene skal gjenspegle innbyggjarane i ein kommune eller eit fylke. Det er viktig at dei politiske partia har like mange menn og kvinner på vallistene. Like eins må partia ta om omsyn til yrkesbakgrunn, etnisitet, alder og bustadadresse. Sjølv om dei fleste parti prøver å ta omsyn til desse faktorane, blir valresultatet ofte annleis.

 

Det er framleis menn litt opp i åra som dominerer i dei folkevalde organa. All ære til desse mennene som står på for lokalsamfunna og demokratiet. Men det er viktig å få ei breiare samansetting av dei folkevalde organa. Valresultatet i 2015 på nasjonalt nivå enda opp med 39 prosent kvinner. Dette er den største kvinneandelen nokon gong. I Sogn og Fjordane er det om lag 35 % kvinner i kommunestyra. Dette talet er alt for lågt. Prosentdelen kvinner som stiller til val i år er om lag uendra frå førre val. Likevel har berre 10 av dei 356 kommunane fleire kvinner enn menn på listene.

 

Ungdom mellom 20 og 30 år er anna gruppe som er underrepresenterte. Den gruppa har elles svært dårlegaste oppmøte på valdagen. Kvifor er det slik? Ser ikkje ungdomen kvifor demokratiet og valet er viktig? Eller har vi det for godt i «gamlelandet» her oppe i nord. Det er viktig at ungdomen engasjerer i dei politiske partia og får representantar på vallistene. Ungdomen må bli flinkare til å gå til stemmeurnene på valdagen.

Når vi i september skal velgje kommunestyre- og fylkesting, skal vi også velgje arbeidsgjevarane for dei tilsette i kommunane og fylkeskommunane. Det er viktig å få inn folkevalde som forstår avtaleverket i arbeidslivet og greier å forhalde seg til partane i arbeidslivet og fagorganisasjonane i kommunane og fylkeskommunane.

Det er mange flinke, modige og tøffe kvinner som har kompetanse og erfaring å ta med seg inni eit kommunestyre- og fylestingting. Det er svært viktig at vi gir kvinnene sjansen. Skal vi få eit godt og demokratisk val, må fleire av oss bruke retten til å gje listekandidatar ei personstemmer. Vi må bli flinkare til å kumulere eller krysse kvinner, ungdom, pensjonistar eller personar med minoritetsbakgrunn. På denne måten kan vi vi få folkevalde organ som gjenspeglar befolkninga. LO sitt likestillingsutval i Sogn og Fjordane meiner det er eit stort demokratisk problem at kvinnene er underrepresenterte i demokratiet vårt.

 

Anne Kristin Førde                                                   Nils Petter Støyva
Leiar i LOs Familie-                                                  Distriktssekretær

og Likestillingspolitisk utval                                      LO Sogn og Fjordane