Skuffende

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

Skuffande klimaplan frå regjeringa

-Det er skuffande og provoserande at regjeringa nok ein gong neglisjerer rettferdig omstilling, seier LO-sekretær Are Tomasgard.

Klima og miljø

Regjeringas klimaplan for 2021 – 2030 vart lagt fram fredag 8. desember. Klimaplanen inneheld ingenting om korleis ein skal få til ei rettferdig omstilling.

- Meld deg på LOs nyhetsbrev

-Det står ingenting om arbeidsliv og rettferdig omstilling i planen, noko som viser at regjeringa ikkje meiner dette er viktig.

Rettferdig omstilling handlar om arbeidsliv, anstendig arbeid og arbeidstakarar, Det er dette som er innhaldet i begrepet Just Transition i Paris-avtalen.  

Det næraste ein kjem, er at regjeringa vil setje ned eit ekspertutval som skal følje opp Stortingets oppmoding om å sjå på dei samla rammevilkåra for å fremje klimavenlege investeringar i Noreg.

-LO forventar at arbeidslivets partar deltar i utvalet, seier Tomasgard.

Utover dette ser det ut til å vere svært lite nytt i planen, og ingen kraftfulle nye tiltak. LO skal no gå nøye gjennom heile planen, og gi innspel.

- Heilskapeleg plan for å nå klimamålet (regjeringen.no)

Kontakt