- Vi er avhengige av trygge og gode arbeidsplassar om vi skal klare overgangen til ei berekraftig utvikling. Sirkulærøkonomien er vegen å gå. Då er rettferdig omstilling heilt avgjerande, seier LO-sekretær Are Tomasgard.
Tirsdag 26. februar var ei rekke statssekretærar på seminar i Brussel om sirkulærøkonomi i regi av Norges delegasjon til EU. I den samanhengen kom norske aktørar med oppfordringar til statssekretærane i forkant av arbeidet med utviklinga av ein framtidig nasjonal strategi for sirkulærøkonomi.
- Vi må utvikle dei arbeidsplassane som er mulig å utvikle innanfor ein berekraftig kontekst, og vi må skape nye arbeidsplassar til erstatning for dei arbeidsplassane vi ikkje lenger kan ha med oss. Rettferdig omstilling er heilt sentralt. - Utan gode vilkår for arbeid vil vi ikkje lukkast, seier Tomasgard.
Sirkulær økonomi handlar om mykje meir enn resirkulering og avfallshandtering. Det dreier seg om store deler av verdikjeda, frå design som sikrar produktets levetid og reparasjons-muligheiter, til å tilby tenester, oppgradering, forlenga levetid, gjenbruk og resirkulering, og å skape nye ting av brukte ressursar. I sirkulærøkonomirn ligg ei stor muligheit for lønsemd, arbeidsplassar og auka produktivitet i næringslivet.
- Ei omstilling til lågutsleppssamfunnet betyr ikkje nødvendigvis færre arbeidsplassar, men kan medføre andre arbeidsoppgåver. Det som er viktig for oss, er at omstillinga skjer i dialog, samarbeid og i medverknad med dei tilsette i tråd med den norske arbeidslivsmodellen. Då vil omstillinga òg skje på ein god måte; - Ei rettferdig omstilling, seier Tomasgard.
Arbeidslivets partar i Europa har sirkulær økonomi som ein sentral del i det nyleg vedtatte arbeidsprogrammet for 2019-2021. Her skal ein òg sjå på konsekvensane for arbeidsmarknaden, - noko som er lite utgreia. Partane vil setje i gong eit prosjekt for å sjå på korleis sirkulærøkonomien kan påverke sysselsetjingsvekst og omstilling, og korleis ein kan sikre ei rettferdig omstilling. EU har definert sirkulær økonomi som “Det å ta vare på verdien av produkt, materialar og ressursar så lenge som mulig i økonomien, samstundes som avfall minimerast”.