Rettferdig omstilling sentralt i klimaforhandlingane

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

Rettferdig omstilling sentralt i klimaforhandlingane

- Klimaavtalen er også ein avtale for og om folk. Derfor treng vi rettferdig omstilling, seier LO-sekretær Are Tomasgard.

Klima og miljø

Den 24. konferansen for partane til Klimakonvensjonen, COP24, er inne i si andre veke i den sør-polske byen Katowice. Det polske presidentskapet, med Michal Kurtyka i spissen, leiar denne COPen. LO deltek på FNs klimaforhandlingar.

Polakkane har lagt fram 3 dokument (to erklæringar og eitt initiativ) dei ønsker å få eit COP-vedtak eller minister-tilslutnad på; Dette er eit initiativ kring e-mobilititet (elektrifisering av transporten), ei erklæring om skog og klima, og ei erklæring om rettferdig omstilling - Just Transition: The Solidarity and Just Transition Silesia Declaration, som bygger på den internasjonale fagrørslas forslag til ei "Katowice Just Transition Declaration".

Rettferdig omstilling

Rettferdig omstillings-erklæringa var oppe til diskusjon allereie første dag av COPen, der statsoverhovuda deltok, og har fått brei tilslutnad. LO er svært nøgd med at statsminister Erna Solberg har signert erklæringa på vegne av Norge. Erklæringa bygger på Parisavtalens tekst om viktigheita av ei rettferdig omstilling til eit klimavenleg arbeidsliv for arbeidstakarar, anstendig arbeid og skaping av nye, gode jobbar. – Eit viktig krav frå fagrørsla, og særleg viktig for bransjar som vil møte store endringar og utfasingar i åra framover, som til dømes den polske kol-industrien.

FNs Klimapanel, IPCC, sin nylege rapport om 1,5 graders-målet har med klart alvor vist at det hastar å få på plass struktur og form på korleis Parisavtalen skal kunne iverksettast frå 2020 (den såkalla regel-boka), som er hovudfokus under årets forhandlingar. Rapporten syner at dei globale utsleppa må kuttast med 45% innan 2030 for å hindre ei global oppvarming på meir enn 1,5 grader.

- LO støttar ambisiøse klimamål. Det er nødvendig å avgrense oppvarminga til max 1,5 grader. Men folk må vere trygge på at dei vil ha ein anstendig og god jobb å gå til i morgon, og. Derfor er det så viktig å få til ei rettferdig omstilling, der arbeidstakarane er med heile vegen frå planlegging til gjennomføring av omstillinga, seier Tomasgard.

LO deltar som vanleg saman med internasjonal fagrørsle, leia av International Trade Union Confederation, ITUC. LOs delegasjon vert i år leia av LO-sekretær Are Tomasgard, og har deltakarar frå Fagforbundet, Fellesforbundet, El og IT Forbundet, Industri Energi Forbundet og LOs administrasjon. LOs delegasjon deltar òg på møter med den norske forhandlingsdelegasjonen leia av klimaminister Ola Elvestuen, og med dei norske sivilsamfunnsorganisasjonane som er tilstades.