LO på COP25 i Madrid

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon
- Fagrørsla meiner det er svært skuffande at dei deltakande landa ikkje gir prioritet til rettferdig omstilling, sier LOs Anne-Beth Skrede som deltar påCOP25

LO på COP25 i Madrid

Lite framdrift på klimamøtet i Madrid. Fagrørsla etterlyser høgre ambisjonar, vilje til forpliktingar og prioritering av rettferdig omstilling.

Klima

Årets klimaforhandlingar skulle vere i Chile, og det er såleis chilensk presidentskap for årets Conference of the Parties (COP), nummer 25 i rekka. Som kjent har den politiske situasjonen i Chile, med protestar mot aukande ulikheit og sosial urettferd i landet, medført at Chile måtte gi opp å vere vertskap for COP25. Myndigheitene i Spania tok då på svært kort varsel på seg å vere vertskap, og COP25 arrangerast i desse dagar i Madrid.

På denne COPen er ikkje innstramming av klimamål og ambisjonar på agendaen. – Det er ei sak for neste COP, som skal vere i Glasgow om eitt år. Alle land er bedne om å kome med oppjusterte mål i sine nasjonale forpliktingar i løpet av 2020, og i forkant av COP26. Likevel har det chilenske presidentskapet fokus på høgre ambisjonar, for å tilrettelegge for neste år.

Hovudsaka under årets klimaforhandlingar er å ferdigstille regelverket for korleis land kan samarbeide for å nå klimamåla sine. - Denne delen av "regelboka" for Parisavtalen vart nemleg ikkje fullført under klimaforhandlingane i Katowice i Polen i fjor. Eitt av dei viktigaste elementa er å etablere marknadsbasert samarbeid, og det har vore stor usemje om kor vidt ein kan få med tekst om menneskerettar innanfor den mekanismen. Den førre marknadsbaserte ordninga under klimaregimet, var nemleg ikkje god nok verken på menneskerettar, arbeidstakarrettar, respekt for urfolk, mm.

Arbeidet med likestilling er løfta fram på årets møte, og arbeidsprogrammet og handlingsplanen for likestilling skal reviderast. - Også når det gjeld klimaendringar, tiltak for å motverke klimaendringar, og i planar for tilpassing til klimaendringar, kjem kvinner dårlegare ut. Deltakinga i klimakonvensjonsarbeidet har òg ein dårleg kjønnsbalanse. Dette er ei viktig sak for fagrørsla. Norge har i mange år hatt som mål i sin offisielle posisjon å betre dette.

I Paris-avtalen vart viktigheita av å sikre ei rettferdig omstilling for arbeidstakarar, med skaping av anstendige kvalitetsjobbar, fastslått. Arbeidet med dette held fram i klimaforhandlingane gjennom eit forum og ein ekspertkomité, - men det går svært sakte. Forumet klarte ikkje verte einige i fjor om den 6 års arbeidsplanen dei har fått i oppgåve å utarbeide, og har heller ikkje denne gongen kome i mål med arbeidet.

LOs klimarådgivar, Anne-Beth Skrede, følger dette arbeidet tett på vegne av internasjonal fagrørsle: 

- Fagrørsla meiner det er svært skuffande at dei deltakande landa ikkje gir prioritet til rettferdig omstilling. 

LO deltar på COP25 saman med internasjonal fagrørsle, og spansk fagrørsle er vertskap for fleire strategimøter i fagrørsla i løpet av dei to vekene COPen varer.

Les meir om ITUCs posisjonar for COP25 her!

 

Kontakt