LO deltar på klimatoppmøtet

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon
Bilde viser demonstranter med banner som krever klimhandling og rettferdig omstilling
Bilde fra ETUC-demonstrasjon. Foto: ETUC

LO deltek på FNs klimatoppmøte

LO deltek på FNs klimatoppmøte saman med internasjonal fagrørsle og Just Transition Centre, for å målbere støtte til Parisavtalen og å fremje ei rettferdig omstilling til eit klimavenleg samfunn.

Klima

FNs generalsekretær António Guterres er djupt uroa over klimaendringane, og har kalla inn verdas leiarar til eit toppmøte for å auke klima-ambisjonar og fremje klimatiltak. Han ber alle lands leiarar kome til New York 23. september, og legge fram konkrete og realistiske planar for korleis dei vil auke dei nasjonale måla og forpliktingane for å nå Paris-avtalens klimamål, redusere verdas CO₂-utslepp med minst 45 % det neste tiåret, og nå nullutslepps-målet innan 2050.

Sivilsamfunn, ungdomsrepresentantar, næringsliv og organisasjonar er inviterte til å delta; 21. og 22. september vert det gjennomført ni ulike prosessar og tema som skal førebu og levere konkrete forslag til kva toppmøtet skal kome fram til;

  1. Strategi for tiltak
  2. Sosiale og politiske påverknader
  3. Ungdom og mobilisering
  4. Energiomstilling
  5. Tilpassing og motstandsdyktigheit
  6. Naturbaserte løysingar
  7. Infrastruktur, byar og lokalsamfunn
  8. Finansiering og karbonprising
  9. Industriomstilling

Fagrørsla er særleg involvert i diskusjonane kring sosiale og politiske påverknader. Dette punktet omfattar å finne fram til korleis ein kan sikre ei rettferdig omstilling til eit klimavenleg og likestilt samfunn, med anstendige, trygge og gode jobbar, og er LO og internasjonal fagrørsle (ITUC) si hovudsak under toppmøtet. Fagrørsla veit at den einaste måten å oppnå ei varig og god omstilling til klimavenlege og berekraftige samfunn, er å bygge forståing og sosial semje der arbeidsfolk tek del i planlegginga, gjennomføringa og løysinga. Derfor har fagrørsla arbeidd for at myndigheiter, politikarar og næringsliv skal sikre ei rettferdig omstilling.

På klimatoppmøtet i New York vil vi be regjeringar å støtte opp om og signere forpliktingar til ei rettferdig omstilling, slik Spania og Peru har tatt til orde for med støtte frå ILO og ITUC, innanfor desse fem nøkkeltema:

  • Sosial dialog
  • Sysselsetjing, sosiale og økonomiske påverknader
  • Opplæring, etter- og vidareutdanning
  • Velferdsordningar
  • Teknologi- og kunnskapsoverføring

Les forslaga her: 

Internasjonal fagrørsles globale veke for klima

ITUC har oppmoda fagrørsla over heile verda til å markere aksjon for klima gjennom ulike aktivitetar på arbeidsplassen, eller gjennom andre markeringar i ei klimaveke i tida 20.-27. september. Fagrørslas melding til FNs klimatoppmøte er at vi vil ha klimaambisjonar og rettferdig omstilling: #JustTransition for #ClimateAmbition

I samband med toppmøtet arrangerer FNs generalsekretær for første gong ungdomens klimamøte laurdag 21. september. Ungdomen har varsla global klimastreik fredag 20. september, og mange fagforbund og fagorganisasjonar er med og støttar denne på ulike vis. ITUC oppmodar til å støtte ungdomens klima-aksjonar, men har ikkje oppfordra til generalstreik for klimaet. LO har uttrykt sterk støtte til ungdomens klimaengasjement, men LO oppmodar heller ikkje til streik; - Streik er eit verkemiddel som er strengt regulert i lov- og avtaleverk, og som fagrørsla berre unntaksvis tek i bruk i andre samanhengar enn lønskamp.

globbalweek.png

Sjå meir informasjon frå ITUC her; 

Arbeidslivets klimaveke

LO støttar tiltaka, og oppmodar alle fagorganiserte til å gjere det same. Likevel har ikkje LO planlagt eigne aktivitetar under denne klimaveka; I Norge har LO i mange år samarbeidd om klima- og miljøtiltak på arbeidsplassen i lag med dei andre hovudorganisasjonane i arbeidslivet, og for nokre år sidan starta vi opp med "Arbeidslivets klimaveke". Denne klimadugnaden set fokus på korleis verksemdene og arbeidsplassane kan bli meir klima- og miljøvenlege gjennom samarbeid mellom leiing, tillitsvalde og tilsette på arbeidsplassen. I 2020 vil Arbeidslivets klimaveke som vanleg gjennomførast i månadsskiftet januar-februar. Følg med og finn tips til klimatiltak på www.arbeidslivetsklimauke.no.

Kontakt