Klimarisiko og norsk økonomi

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

Klimarisiko og norsk økonomi

- LO er samd i at det viktigaste grepet norske myndigheiter kan ta for å møte risikoen er ein ambisiøs og effektiv klimapolitikk, seier LO-sekretær Are Tomasgard. LO har nyleg avgitt høyringsuttale til NOU "Klimarisiko og norsk økonomi".

Klima og miljø

Det er stort behov for å få klarheit i korleis Norge og norsk økonomi er utsett for klimarisiko, både i dag og i framtida. Det er derfor positivt at det no føreligg ei utgreiing av klimarisiko i Norge.

- LO meiner utvalet har levert ei god skildring og klargjering, så langt mandatet har tillate det. Utvalets forslag til overordna prinsipp for handtering av klimarisiko kan LO stille seg bak, og meiner det kan vere eit godt verkty i både private og offentlege verksemder.

For snevert mandat

- Likevel vil vi påpeike at mandatet til utvalet har vore for snevert. Det er eit stort behov for å gå nærare inn på klimarisikoar og problemstillingane for enkeltnæringar, for staten som eigar, for konsekvensar for samfunn, og konsekvensar for arbeidsliv og sysselsetting, enn det utvalet har hatt høve til, seier Tomasgard.

Ei klar analyse av klimarisikoen for enkeltnæringar er første steg på vegen til å sikre tilstrekkelege og gode tiltak. For å møte risikoen må klimapolitikken innehalde klare og konkrete tiltak og satsingar for eit klimavenleg arbeidsliv.

Klimautfordringane er globale

Til dømes er produksjon av aluminium i Norge basert på fornybar vasskraft meir klimavenleg enn om det produserast andre stader i verda på ikkje-fornybare energikjelder.

- At Norge har slik industriproduksjon og satsar på karbonfangst og lagring, CCS, vil altså minke klimarisikoen globalt, understrekar Tomasgard.

Viktigheita av ei rettferdig omstilling

- Parisavtalen fastslår viktigheita av ei rettferdig omstilling for arbeidsstyrken, trong for å sikre skikkelege og trygge arbeidsplassar, og oppretting av kvalitetsarbeidsplassar på vegen til ei klimavenleg framtid.

Ei rettferdig omstilling vil seie at det er respekt for arbeidstakarrettar; reell medverknad, sosial dialog og inkludering i omstillingsprosessen frå planlegging til gjennomføring; trygge velferdsordningar; at dei tilsette får kompetanseheving og etter- og vidareutdanning til eit endra arbeidsliv; og at myndigheiter og næringsliv investerer og satsar på berekraftige og klimavenlege løysingar som òg sikrar arbeidsplassar.

- Styresmaktene må prioritera rettferdig omstilling, og legge til rette for trygge, framtidsretta arbeidsplassar. Ei slik prioritering frå myndigheitene si side vil ha stor påverknad på å dempe og minske samfunnsmessig klimarisiko, og samstundes dempa motstand mot naudsynte endringar.

LOs høyringsuttale til NOU "Klimarisiko og norsk økonomi" (Link)