Klimaendringane skjer no

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon
Foto. Matt Palmer/Unsplash

Klimaendringane skjer no

9. august la FNs klimapanel (IPCC) fram første del av ein ny hovudrapport om klimaendringane.

Klima og miljø

Den førre hovudrapporten kom i 2014, og utviklinga er alvorleg. Rapporten viser tydeleg at menneskeleg aktivitet har ført til store endringar i atmosfære, hav og økosystem, og at dei skadelege effektane av klimaendringane aukar. Ein raskare global temperaturauke, med ekstremvêr, havnivåstiging og isbre-smelting skjer no. I løpet av sommaren har vi sett mange døme på kor ille dette kan vere, med flaumkatastrofer, ekstrem varme og enorme skogbrannar.  

- Klimaendringane vil kreve mykje av oss som samfunn, seier LO-sekretær Are Tomasgard.

- Det er ei stor oppgåve å gjennomføre dei heilt nødvendige tiltaka for å hindre klimaendringar og for å tilpasse oss endringane som allereie skjer, samstundes som vi må sikre velferd, rettferdig fordeling og arbeid til alle. Den norske samarbeidsmodellen vil vere avgjerande for at vi skal lykkast med å utvikle samfunnet, arbeidsplassane og måten vi lever på – på ein god måte.

- LO held fram vårt arbeid for ei klimavenleg framtid med ei rettferdig omstilling for arbeidsfolk. Vi har store forventingar til at ei ny regjering skal ta sterke grep for ein politikk som set klima og rettferdig omstilling øvst på dagsorden.

Les meir om rapporten hos Miljødirektoratet her.

 

Kontakt

Pressetelefon

Vår pressevakt treffes på telefon og er døgnbemannet for presse

Telefon: 23 06 18 00

Epost: presse@lo.no