Laurdag 27. mars klokka 20:30-21:30 er det Earth Hour. LO oppfordrar alle medlemmer til å delta, og slukke lyset denne timen for klima og natur.
LO har vore med på Earth Hour sidan 2009, då den vart arrangert i Norge første gongen. Earth Hour er ei verdsomspennande kampanje, for å få merksemd rundt klima. Nytt i år er at kampanjen òg set søkelys på tap av natur.
Eg slukker lyset for klima og natur på laurdag, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik. - Det håper eg du òg vil gjere!
Earth Hour starta som ei enkel markering av WWF i Sydney i 2007, som i løpet av eit par år spreidde seg til å bli ei global klimakampanje. Denne fellesdugnaden er ei symbolsk handling for å markere at verda står saman mot klimaendringene. I fjor vart Earth Hour markert i 190 land over heile verda som eit symbol på korleis vi står saman for å ta vare på denne eine heimen vi alle deler - jorda vår.
Dette kan du gjøre
- Slukk lyset i eigne lokaler, bygg og heime laurdag 27. mars klokka 20:30-21:30 Informer kollegaer, familie og vener om Earth Hour
- Gjer noko triveleg i den mørke timen – yatzy, kortspel eller brettspel, kanskje?
- Delta på det norske facebook-eventet
- Sjekk ut nettsidene til Earth Hour for fleire tips: https://www.earthhour.org
Norsk arbeidsliv og næringsliv er viktige deler i det norske klimaarbeidet, og LO arbeider for å sikre at omstillinga til ei klimavenleg framtid vert rettferdig. Earth Hour er eit godt høve til å auke merksemda kring klima og at det hastar med både tiltak, tilpassing og samarbeid.
God Earth Hour!