Landsorganisasjonen i Norge

Foto: Trond Isaksen

Rettferdig pensjon frå første krone.

I midten av november skal Stortinget handsame eit viktig forslag om tenestepensjon frå første krone. 08.11 skal det vere stor markering om saka framfor Stortinget. Den noverande tenestepensjonen i privat sektor er nemleg utforma slik at berre tre av ti arbeidstakar får pensjonsopptening for heile inntekta.

Publisert 07.11.18 Av: LO Sogn og Fjordane

Mange som arbeider i mannsdominerte yrke med høg løn får ofte pensjonsopptening frå første kronene. Mens dei som arbeider i typiske kvinneyrke som servering, overnatting, reinhald og varehandel får pensjonsopptening etter lova sitt minimumskrav. Den seier to prosent opptening berre for den delen av inntekta som overstig ein gang Folketrygda sitt grunnbeløp (1G), som for tida er på 96.883 kroner. Det er om lag ein million nordmenn som ikkje får pensjonsopptening frå første krone. Svært mange av desse er ikkje klar over det sjølv.
Dette er ei blodig urettferdig ordning som heng att frå tida før Pensjonsreforma vart gjennomført i 2011. Eitt av grunnprinsippa i Pensjonsreforma er at vi skal få opptening for all inntekt gjennom heile yrkeskarrieren. Derfor fjerna Stortinget besteårsregelen og andre regler som avgrensar oppteninga til Folketrygda. Det er på tide å sluttføre Pensjonsreforma ved å sikre at også lågtlønte – og særleg kvinner – får same rettar som det som er vanleg i høgtlønte mannsyrke.
Dette er svært viktig sak for personar i deltid og lågt lønna stillingar. Det er også ei viktig sak i kampen for likestilling. Lønsmottakarane merkar ikkje så mykje til dette mens ein er i arbeid. Men dette har store konsekvensar for pensjonsutbetalinga når pensjonsalderen kjem. Regionkonferansen til LO Sogn og Fjordane krev at Stortinget vedtek ein rettferdig tenestepensjon frå første krone.

Flere aktuelle saker

Se alle artikler