Lenkesamling: 6-timarsdagen

Skriv ut Tips
Lenkesamling for rettleiaren seks timars arbeidag - 30 timars arbeidsveke.

1 Oversynsrapportar

2 Evalueringsrapportar

3 Temanotat

4 Temahefter



1 Oversynsrapportar


Rambøll Management
Kunnskapsoversikten 2006 over virkninger av arbeidstidsreduksjoner


Denne rapporten gjev ei framstilling av forsøk og erfaringar med arbeidstidsreduksjonar i Europa, i hovudsak frå dei siste to tiåra.
Les rapporten her

 

Martin Byrkjeland, Rokkannotat 7/2006
Kortare arbeidstid – Eit oversyn over diskusjonen om arbeidstidsforkortingar i Noreg 1880-2006

 

Dette notatet summerer opp sentrale argument og hendingar i prosessen med å utforme ei regulering av arbeidstida for norske arbeidstakarar frå 1880-åra til om lag år 2000.
Les notatet her


Dag Olberg, Fafo
Forsøk med 6-timersdag – Ordninger og erfaringer (2006)


Dette notatet bygger på ei litteraturstudie om forsøk med 6-timarsdag og andre ordningar med redusert arbeidstid. Notatet er laga for å gje ei kort oversikt over effektmål, opplegg og resultat. Hovudvekta i notatet er lagt på dei forsøka med 6-timarsdag som er forskingsmessig evaluert.

Les notatet her

 

Dag Olberg, Fafo
Avtalt tid? Lokale arbeidstidsordninger og avtaler


I den samfunnspolitiske debatten får spørsmål om arbeidstid stadig sterkere aktualitet. I denne debatten reisest det også spørsmål om i kva grad norske arbeidstakarar er villige til å vera fleksible, og om arbeidsgjevarar nyttar eventuell vilje til fleksibilitet frå arbeidstakarane, og diskusjon om alternative lokale arbeidstidsordningar. Debatten omfattar også spørsmål om avtalemessige rammer for fleksible ordningar. Denne rapporten gjev ein oversikt over debatten.
Les rapporten her

 

Regjeringa sine forsøk om arbeidstidsordninger - samleside

Det er gjort lite forsking om samanhengen mellom redusert arbeidstid og sjukefråvær, pensjoneringstidspunkt, deltidsarbeid og offentlege finansar. Regjeringa gjennomfører eit prosjekt om arbeidstid fram mot 2009. Prosjektet omfattar forsøk med arbeidstidsreformar i samarbeid med partene i arbeidslivet, og forsking for å sjå korleis redusert arbeidstid virkar. Hovedmålet med forsøka og forskinga er å hjelpa til med å nå målet om å auke den effektive arbeidsstyrken.
Les dokumentasjon og rapportar her

 

2 Evalueringsrapportar


Torkel Bjørnskau, Fafo
Seks timers dag i omsorgsyrker En evaluering av forsøket i Oslo kommune


Forsøket med seks timers arbeidsdag vart gjennomført mellom tilsette i heimetenesta, og ved ein alders- og sjukeheim i bydel 2 i Oslo. Forsøket vara i 22 månader, frå juni 1995 til og med mars 1997. Det omfatta 103 personar. Hovudmålet med forsøket var å redusera sjukefråværet mellom dei tilsette.
Les rapporten her


Dag Olberg, Fafo
Ett år med sekstimersdag ved Tine Sentrallager Heimdal

Ved Tine BA sitt sentrallager i Heimdal vart det i mars 2007 sett i gang forsøk med sekstimarsdag/ 30 timers veke, med full lønnskompensasjon for dei tilsette. Forsøket skulle etter planen vara i eit år. Forsøket er forlenga til 2009. Les eitårsrapporten her

 

Hans Torvatn, Sintef
Sluttevaluering av 6-timersforsøk ved Trondheim parkering KF


Trondheim parkering sette gjennomførte forsøk med 6-timersdag frå 1. juli 2006. Forsøket er evaluert av Sintef.
Evalueringa finn du her


Rambøll Management
Evaluering av forsøk med 6-timers arbeidsdag i Bergen Hjemmetjeneste KF (BhKF)


BhKF er eigen resultateining med 500 brukarar og har i dag om lag 168 fordelt på 197 personar. Verksemda blei skilt ut som KF (kommunalt foretak) frå heimesjukepleien i mars 2005 og konkurranseutsett i oktober 2005. Konkurrerer med 7 private verksemder. Heimehjelparane har frå mai 2007 til april 2009 prøvd ut 6-timars arbeidsdag med full lønskompensasjon.
Les rapporten her



Hans Torvatn, Sintef
Evaluering av innføring av 6-timers dag hos SinkaBerg-Hansen AS (SBH)


I oktober 2005 innførte fiskeforedlingsversemda SinkaBerg-Hansen AS i Nord-Trøndelag 6-timers arbeidsdag med full lønnskompensasjon for arbeidstakerar i produksjonen. Ordninga vart følgd av forskarar frå oktober 2005 til desember 2006.
Evalueringsrapporten finn du her


Econ Põyry
Evaluering av forsøk med redusert arbeidstid for seniorer. Midtveisrapportering


Forsøket med redusert arbeidstid med full lønnskompenasjon omfattar fire statlige etatar, og gjeld personar som var 62 år eller eldre i 2007. Midtvegsrapporten frå forsøket viser at deltakarane stort sett har positive erfaringer.
Les rapporten her


Johanna Eggvall
Sextimmarsdagen i Kiruna – en utvärdering av arbetstidsförkortningen inom hemtjänsten


Det svenske kommunalarbeidarforbundet har vurdert forsøket med 6 timarsdagen i heimetenesta i Kiruna kommune. I 1989 forkorta kommunen arbeidstida frå 38,25 timar til 28,68 timar i veka for alle mellombels tilsette og månadsløna vikarer i heimetenesta. Dette gjorde dei for å redusera deltidsarbeidsløysa, auka sysselsetjingsgrada. Redusera sjukefråvær, turnover og arbeidsskadar.
Les rapporten her



3 Temanotat


Erling Barth, Institutt for samfunnsforskning
Forsøk med 6-timersdag


Dette notatet gjev ei kortfatta drøfting av ein del hovudproblem knytt til forsøk med 6-timarsdag eller andre arbeidstidsreformer.
Les notatet her



Oddbjørn Raaum og Knut Røed, Stiftelsen Frischsenteret
Moderniseringsdepartmentet bad Frischsenteret om å gje ”..innspill ..som beskriver hva som kan være viktige elementer vi bør være oppmerksomme på knyttet til design, metode mm knyttet til forsøkene og til evalueringen av disse”.
Les innspelet her



Roger Bjørnstad, Roger Hammersland og Inger Holm, SSB

Arbeid og fritid – prioriteringer i det 21. århundre, Makroøkonomiske konsekvenser ved redusert arbeidstid.


Fornyings- og administrasjonsdepartementet har bede Statistisk Sentralbyrå har rekna ut makroøkonomiske konsekvensar av ulike modellar for redusert arbeidstid.
Les rapporten her


Nina Amble, Arbeidsforskningsinstituttet (AFI)

Innspill – Forsøk med arbeidstidsordninger og arbeidstidsendringer i turnusarbeid.


Dette notatet retter merksemda mot somme viktige element som påvirkar utforming og metode i høve til forsøk med nye arbeidstidsordningar. Notatet ønskjer særskilt å retta merksemda mot turnusarbeid.
Les notatet her



4 Temahefter


Omstilling? Har du husket det viktigste?

Kva kan ein gjera for å sikra sunne omstillingsprosessar? Dette heftet gjev nyttig kunnskap om korleis ein førebygger helsebelastninger ved å sikra sunne omstillingsprosessar i samsvar med arbeidsmiljølova sine krav. Vegleiaren byggjer på kunnskap frå samarbeidet mellom Arbeidstilsynet og NTNU i FoU-prosjektet Sunne omstillingsprosesser.
Les vegleiaren her



Skift og turnusarbeid

– hva skjer med oss?


Auka sjukefråvær vert sett på som eit problem i norsk arbeidsliv. Innsatsen for å få ned sjukefråværet har auka dei seinare åra. Sjukdom kan utviklarst som fylge av tilhøver på arbeidsplassen. Skift arbeid, spesielt nattarbeid, har det vært lite fokusert på i Norge, til forskjell fra i mange andre land. Sjølv om sjukefråvær ikkje er eit spesielt problem for skiftarbeidarar, er det ein faktor som kan gje helseskade. Dette heftet gjev informasjon som kan bidra til å redusera helseskadelege effektar av skift- og turnusarbeid.
Les meir hos Idèbanken



Temahefte: Gravid og i arbeid


Gravide står for ein tredel av alle fråværsdager mellom kvinner i alderen 20 til 39 år. Berre ein liten del av dette fråværet skuldast komplikasjonar i graviditeten. Betre tilrettelegging av arbeidstilhøva kan redusera fråværet. Dette heftet gjev informasjon om kva som kan gjerast på arbeidsplassen.
Les meir hos Idèbanken


Publisert: 29.04.2009 Endret: 20.05.2009


Til toppen Tilbake til artikkellisten
 
Velg distrikt:
Mer om 6-timersdagen
Kontakt:
Øyvind Rongevær
Rådgiver
Rettleiar:


Kontakt:

Logo

Landsorganisasjonen i Norge
Youngsgate 11
0181 Oslo

 

Telefon: 03200
Telefaks: 23 06 17 43
E-post: lo@lo.no

© Landsorganisasjonn i Norge, Org nr. 971 074 337