Landsorganisasjonen i Norge

Klima
LOs deltakarar i Bonn på det internasjonale fagrørsle-møtet om klimastrategi; frå venstre; LOs klimarådgjevar Anne-Beth Skrede, Gunnar Steinsholt (Fagforbundet), LO-sekretær Are Tomasgard og Jeanette Moen (Fellesforbundet).

Internasjonal fagrørsle med samling under COP 23 i Bonn

LO deltar i desse dagar på FNs klimaforhandlingar, COP23 i Bonn. Laurdag hadde internasjonal fagrørsle (ITUC) sitt heildags strategimøte, der klimaforhandlingane og fagrørslas bodskap og klimakampsaker vart diskuterte.

På fagrørslas heildags strategimøte 11. november samlast kring 150 deltakarar frå fagrørsle-delegasjonen under forhandlingane, samt frå lokale fagorganisasjonar som elles ikkje har plass på sjølve COPen.

Det er særleg tre hovudsaker fagrørsla har fokus på; å støtte opp under ambisiøse klimatiltak og Parisavtalen, sikre at fattige land får støtte til å kunne gjennomføre klimatiltak, og at ein sikrar ei rettferdig omstilling i arbeidslivet med trygge og gode jobbar (A Just Transition of the workforce, and the creation of decent quality jobs). Det er òg viktig å syne at fagrørsla har ei viktig rolle å spele i dette arbeidet, og at klimasaka òg er ei fagrørslesak.

I tillegg til å diskutere dei pågåande klimaforhandlingane, drøfta fagrørslas folk korleis ein kan legge opp arbeidet vidare fram mot neste års klimaforhandlingar, COP24 som skal vere i den sør-polske byen, Karowice, og stø opp under polsk fagrørsle sitt arbeid med rettferdig omstilling.

Ein gjennomgang av ITUCs klimavedtak, og korleis måloppnåinga kan vurderast vart òg drøfta. Det var semje om at internasjonal fagrørsle har arbeidd godt med å gjennomføre ITUC-kongressens vedtak på klima. Sjølv om det framleis er mykje arbeid å gjere i og frå fagrørsla kring klima framover, kan ein seie seg godt nøgd med fleire saker;

· Ein har oppnådd å få rettferdig omstilling-elementet inn i Parisavtalen

· Det er arbeidd godt i ILO, der ein mellom anna har fått på plass eigne retningslinjer for rettferdig omstilling (ILO Guidelines on Just Transition)

· Det er større breidde, forankring og deltaking i klimaarbeidet blant fagrørsla nasjonalt og lokalt

· Ein har oppretta eit eige senter for rettferdig omstilling; Just Transition Centre (senteret har kontor hos LO i Norge). Sjå meir info her

Flere aktuelle saker

Se alle artikler