Landsorganisasjonen i Norge

Klima
LO-sekretær Are Tomasgard

Ingen grunn til entusiasme

Regjeringa la i dag fram ny klimamelding. - Her er det ingen ny politikk, ingen nye tiltak og ingen nye virkemidlar. Då er det kanskje heller ingen grunn til å legge fram ei melding, seier LO-sekretær Are Tomasgard.

Publisert 16.06.17 Av:

Den blå-blå regjeringa la i dag fram den lenge varsla klimameldinga si; Meld.St.41 (2016-2017) "Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid". Klimameldinga skulle svare på korleis Noreg skal nå klimamåla med 40 % CO₂-utsleppskutt innan 2030, og verte eit lågutsleppssamfunn.

Klimaminister Vidar Helgesen sa under framlegginga av meldinga at allereie vedtatt politikk kan ta oss til målet. Det stadfestast at det skal kuttast mest i transportsektoren, men alle måla finn vi allereie i Nasjonal Transportplan, og heller ikkje her vert det presentert virkemidlar som vil gjennomføre måla. I følgje meldinga skal vurdering av virkemiddelbruk gjerast i dei årlege budsjettprosessane. På spørsmål om korfor det i det heile vert lagt fram ei melding utan noko som helst nytt, sa statsråden at det var to grunnar; fordi det var mange spørsmål om kva EU-samarbeidet om klimapolitikken vil innebere; og fordi dei vil vise samspelet mellom omstillingspolitikk og klimapolitikk.

– Men meldinga gir ingen svar på kva EU-regelverket faktisk vil medføre for Noreg, ettersom dette ikkje er klart enno, seier LO-sekretær Are Tomasgard.

- Når det gjeld samspelet mellom omstilling og klima, vert det berre slått fast at alt er usikkert. Det vert ikkje sagt noko som helst i meldinga om korleis arbeidslivet og sysselsettinga skal kunne møte omstillinga til ei klimavenleg framtid. Det er faktisk oppsiktsvekkande at trepartssamarbeid om klima mellom myndigheiter og arbeidslivets partar ikkje vert nemnd på dei hundre sidene.

Landbruket vert i meldinga vigd stor plass, ikkje minst på grunn av uklarheit kring EU sitt uferdige regelverk om korleis utslepp og opptak i skog og jord skal teljast. Regjeringa vil invitere landbruksorganisasjonane til å forhandle om ei avtale om utsleppskutt.

- Dette skal vi sjølvsagt følgje opp òg frå LO si side, anten det vert med denne eller ei heilt ny regjering, avsluttar LO-sekretæren.

Klimameldinga kan lesast her

Flere aktuelle saker

Se alle artikler